Hopp til innhold

Etnisk reinsing

Etnisk reinsing er tiltak for å fjerne eller redusere etnisk mangfald i ein stat eller eit område. Reinsinga kan utførast på fleire måtar, dei mest kjende er massedrap og tvangsfordriving av folkegrupper.

Etnisk reinsing kan skje ved strid mellom folkegrupper om makt og kontroll i ein region eller stat. Det kan skje der statsgrensene er «påtvinga utanfrå» eller er sterkt omstridde fordi det bur mange frå éi eller fleire folkegrupper på begge sider av statsgrenser. Etnisk reinsing skjer òg der folkegrupper som ikkje kontrollerer staten, har svakt vern, eller der statar er truga av oppløysing. Det siste var tilfellet då restane av Det osmanske riket var i ferd med å gå i oppløysing under første verdskrigen, og då det gamle Jugoslavia gradvis gjekk i oppløysing etter at president Tito døydde i 1980. Etnisk reinsing kan òg utførast av ikkje-statlege grupper, som til dømes Den islamske staten (IS) i område i Midtausten.

Frå kolonitida kjenner vi mellom anna massive folkemord i den belgiske kolonien Kongo. Det osmanske folkemordet på armenarane under første verdskrigen og det nazistiske folkemordet på jødar og andre under andre verdskrigen er andre døme. Eit nyare døme er massedrapa på oppunder ein million tutsiar (og moderate hutuar) i 1994 i Rwanda.

Fordrivinga av nordamerikanske indianarar til reservat, eller av palestinarar då Israel vart skipa (1948), kan òg reknast som etnisk reinsing. Det siste vert forsvart som nødvendig for å få ein særskilt jødisk stat, men kritisert som eit overgrep frå dei som meiner at palestinarane sine rettar ikkje skulle lide skade, slik Balfour-fråsegna (1917) lova. Ein annan metode er avtalar om «folkebyte» mellom granneland. Det skjedde mellom Tyrkia og Hellas etter første verdskrigen. Ein gresk minoritet flytta frå Tyrkia, og ein tyrkisk minoritet flytta frå Hellas, etter avtale mellom statane. Restane av Det osmanske riket gjennomførte folkemord på mange hundre tusen frå den greske minoriteten under krigen, og greske troppar hadde massakrert tyrkarar. Sjølv om ein kan tvile på om alle flytta frivillig, kan eit slikt avtalt folkebyte vere det beste tilgjengelege alternativet ved slike omstende.

Etnisk reinsing kan gjennomførast med diskrimerande tiltak eller rasering av livsgrunnlag og levekår, som gir tilsynelatande frivillig utflytting. Etnisk/kulturell einsretting kan òg skje ved å hindre vidareføring/reproduksjon av folk og kulturar over tid, ved tvangssterilisering eller ved å gjere utsette folkegrupper meir lik folkegruppa til makthavarane. Det siste kan til dømes skje ved å hindre språkopplæring i eigne språk eller å fremje religionsskifte. Fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar kan reknast som eit slikt tilfelle.

Etnisk reinsing er brot på folkeretten, menneskerettane eller urfolkskonvensjonen der det går ut over urfolk. Det skaper flyktningproblem – særleg for granneland, der menneske flyktar frå folkemord eller vert drivne frå eigedom og livsgrunnlag. Flyktningbølgjene frå krigen i Syria er døme på det. Etnisk reinsing kan òg hindre forsoning og utvikling av demokrati, fordi minne om overgrep gjer det vanskeleg å byggje tillit. Etnisk reinsing fører ofte til store materielle øydeleggingar, som gir økonomiske utfordringar i ettertid.

Kjelder

Nils A. Butenschøn: Politics of Ethnocracies. Strategies and Dilemmas of Ethnic Domination. Oslo 1993

Ragnar Næss: «Det armenske folkemordet 1915–17», i Nordisk Østforum nr. 30 (3). Oslo 2016

Ilan Pappe: Den etniska rensningen av Palestina. Stockholm 2017

Steingrimur Njálsson: Rwanda. Folkemord. Oslo 2009

 

Peikarar

Ingeborg Huse Amundsen: «VG i fredsprisvinnerens landsby: Her massakrerte IS 400 jesidier på få timer», vg.no

Lars Gule: «Israel – 70 år med etnisk rensing», radikalportal.no

Signe Karin Hotvedt: «1,5 millioner armenere ble drept – Tyrkia benekter folkemordet», nrk.no

Ketil Zachariassen: «Fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar», norgeshistorie.no

Først publisert: 24.02.2020
Sist oppdatert: 27.04.2020