Hopp til innhold
X
Innhald

EVU-reforma

EVU-reforma er etter- og vidareutdanningsreforma som òg vert kalla kompetanseutviklingsreforma.
Ho skal gi arbeidstakarane rett til permisjon for å kunne skaffe seg ny eller halde ved like den faglege kompetansen. Individuell rett til utdanningspermisjon er heimla i arbeidsmiljølova paragraf 33D. Spørsmålet om økonomisk kompensasjon må avtalast i ein tariffavtale eller ein individuell avtale.
Bakgrunnen for denne reforma som vert karakterisert som ei viktig reform i utdannings-, sysselsetjings- og næringspolitikken, er at gjennomsnittsalderen i arbeidsstyrken har auka og at det er trong for å utvikle kompetansen, styrkje arbeidsplassen som læringsarena, og få på plass dokumentasjonsordningar som kan styrkje mobiliteten på arbeidsmarknaden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012