Hopp til innhold
Benito Mussolini. Foto: www.bild.bundesarchiv.de
Benito Mussolini. Foto: www.bild.bundesarchiv.de
X
Innhald

Fascisme

Fascisme, frå latin fasces, er opphavleg namnet på embetsteiknet til dei romerske liktorane, livvaktene til romerske embetsmenn med høg rang. Seinare namnet på ei nasjonalistisk rørsle som oppstod i Italia etter den første verskrigen, leidd av Benito Mussolini.
 
Fascismen kom som ei rørsle hos eit skuffa småborgarskap, men utvikla seg fort til ei terroristisk rørsle med brodd mot arbeidarrørsla. Gjennom "marsjen mot Roma" i 1922 klarte fascismen å skape regjeringskrise. Mussolini vart kalla til å danne regjering, og styrte diktatorisk fram til 1943.
 
Nøkkelord i fascismeideologien er førardyrking, nasjonalisme, militarisme og dyrking av staten med front mot marxisme og liberalisme. Klassekamp frå arbeidarar er forbode, og fagforeiningane vert erstatta av statsdirigerte korporasjonar. Fascisme er òg brukt som namn på liknande rørsler som falangismen i Spania og nazismen i Tyskland.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012