Hopp til innhold
X
Innhald

Forbundsstat

Forbundsstat eller føderasjon er ein nasjonalstat som er danna av fleire autonome delstatar med ei felles, føderal forfatning og føderale sentralstyresmakter. Delstatsstyret er berre ansvarleg for den lokale administrasjonen, medan føderale organ som regel tek seg av sentrale, nasjonale oppgåver. Døme på forbundsstatar er USA, Brasil, Tyskland og Nigeria.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012