Hopp til innhold
X
Innhald

Grøne parti

Grøne parti er parti som er spesielt miljøorienterte, ofte med ein «flat» partistruktur.

Frå slutten av 1970-åra fekk fleire europeiske land slike parti. Størst påverknad har die Grünen i Tyskland hatt. I Noreg fekk Miljøpartiet De Grønne inn ein representant på Stortinget i valet i 2013.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.01.2016