Hopp til innhold
 Foto: OLF/Anne Lise Norheim, flickr.com CC BY 2 0
Foto: OLF/Anne Lise Norheim, flickr.com CC BY 2 0
X
Innhald

Handlingsregelen

Handlingsregelen er ein regel som fastslår kor mykje av olje- og gassinntektene styresmaktene kan bruke kvart år. Inntektene som den norske staten har frå olje- og gassverksemda på norsk sokkel gjennom skattar, avgifter, eigarskap og utbytte, blir sett inn i eit fond som heiter Statens pensjonsfond utland (vanlegvis kalla oljefondet).

Handlingsregelen er tidlegare vedteken av Stortinget, og seier at styresmaktene årleg kan bruke inntil tre prosent av oljefondet. Tre prosent er oljefondet si forventa realavkasting over tid, altså så mykje fondet over tid er forventa å auke årleg justert for forventa prisauke. Ved å bruke tre prosent av fondet kvart år skal då verdien av fondet ikkje bli redusert. Fram til februar 2017 var handlingsregelen på fire prosent. Då konkluderte regjeringa med at det framover er venta ei realavkastning på tre prosent, mot tidlegare fire prosent. Det norske oljefondet utgjer i dag over ni tusen milliardar kroner (juni 2019).

Oseberg. Foto: OLF/Tom Haga, flickr.com CC BY 2.0

Oljeplattform Oseberg (foto frå 2006). Foto: Norsk olje og gass/Tom Haga, Norsk olje og gass på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Sagt på ein anna måte kan statsbudsjettet utanom oljeinntektene ha eit underskot som er like stort som tre prosent av pengane vi har i oljefondet utan at statsbudsjettet viser eit underskot. Dei pengane statsbudsjettet manglar, hentar staten då ut frå dei forventa inntektene til oljefondet og budsjettet går dermed i balanse. I 2012 brukte Noreg 105,1 milliardar oljekroner.

For å talfeste denne årlege bruken av oljeinntekter måler ein det som blir omtala som det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet korrigert for mellom anna konjunkturelle endringar i skattar, avgifter og arbeidsløysetrygd. På denne måten kan overføringane frå oljefondet til statsbudsjettet auke i periodar når andre inntekter frå skattar og avgifter fell, medan overføringane minkar ved oppgangstider i økonomien. Slik blir utgiftssida i statsbudsjettet skjerma frå konjunkturelle svingingar i skatteinntektene. Konjunkturelle svingingar er endringar i økonomisk aktivitet.

Den faktiske bruken av oljekroner vil nesten kvart år vera ulik det ein måler som oljepengebruken gjennom det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette kjem av at den faktiske bruken av oljekroner ikkje er korrigert for konjunkturelle endringar i skattar, avgifter og arbeidsløysetrygd. Eit stramt budsjett i ein lågkonjunktur vil difor likevel kunne innebere høgare faktisk bruk av oljepengar enn eit ekspansivt budsjett i ein periode der skatteinntektene er høge og arbeidsløysa låg. Det er nettopp difor ein måler den årlege bruken av oljeinntekter med det som blir omtala som det strukturelle, oljekorrigerte underskotet.

Handlingsregelen vart skapt fordi ein ikkje skal bruke opp alle olje- og gassinntektene på ein gong, men spare for framtida. Regelen skulle med andre ord ha ein disiplinerande verknad og i tillegg skjerme statsbudsjettet frå svingingar i den faktiske avkastinga i fondet ved at bruken av oljeinntekter er knytt til forventa avkasting.

Oljefondet veks

Bruken av oljepengane i statsbudsjettet føregår slik at regjeringa lagar eit statsbudsjett der dei latar som om vi ikkje hadde oljepengar. Dette er då eit budsjett med eit oljekorrigert underskot. Så dekkjer ein dette underskotet med pengar frå det ein forventar skal vere realavkastinga til fondet i same rekneskapsåret. Statsbudsjettet vil då gå i balanse. Både statens inntekter frå olje- og gassverksemda på norsk sokkel (netto kontantstraum) og avkastinga på oljefondet (renter og utbytte) medverkar til at oljefondet aukar, medan oljepengebruken (det strukturelle, oljekorrigerte underskotet) trekkjer pengar ut av fondet. Summen av desse verknadane avgjer auken i oljefondet.

Når ein skal finne ut kor mykje realavkastinga til fondet utgjer, altså desse tre prosenta, skal ein rekne ut dette ved inngangen til budsjettåret når inntektene frå oljeverksemda er haldne utanfor. Dess større oljefondet er, dess større vert altså summen i dei tre prosenta.

I 2003 var oljefondet 609 milliardar kroner og ved utgangen av 2013 var oljefondet på 5000 milliardar. I 2017 passerte det 8000 milliardar. Med andre ord har tre prosent av dette vorte ein mykje større sum handlingsregelen vart vedteke i 2001, sjølv om prosenten er justert ned frå fire prosent.

Dei siste åra har tilførselen til oljefondet frå olje- og gassinntektene til den norske stat vore større enn bruken av oljekroner i statsbudsjettet.

Foto: OLF/Tom Haga, CC BY 2 0

Foto: OLF/Tom Haga, CC BY 2 0

Innført av Stoltenberg I

Handlingregelen vart teken i bruk etter eit tverrpolitisk vedtak i Stortinget i 2001 under Stoltenberg I-regjeringa. FrP er i mot handlingsregelen. Vedtaket finst i Stortingsmelding nr 29 (2000-2001) og heiter «Retningslinjer for den økonomiske politikken», og vart vedteke i statsråd 29.3.2001.

Dette året var det fire prosent rente (realavkastning) i oljefondet, og sidan dette året og fram til 2017 då realavkastninga vart justert ned, var fire prosent regelen. Politikarane kan jamfør denne bruke venta realavkastning og ikkje meir. Ideen vart altså å berre bruke av det vi tener på å eige oljepengane, og ikkje oljepengane i seg sjølv.

Dei siste åra har realavkastninga vore mindre enn fire prosent. Årsakene til dette er internasjonal finanskrise og lågare oljepris. I 2012 utgjorde oljepengebruken 3,2 prosent i staden for fire prosent. Derfor vart handlinsgregelen i 2017 justert ned til tre prosent, i tråd med venta realavkastning.

Føremålet med handlingsregelen er å føre ein ansvarleg og stabil økonomiske politikk over mange år og spare til framtida. Ved å ha ein regel for kor mykje pengar politikarane kan bruke, hindrar ein også at økonomien i Noreg svingar opp og ned. Handlingsregelen er også meint å legge til rette for at ein gradvis fasar inn inntektene frå olje og gass, i takt med at fondet veks.

Ved å berre bruke av rente- og utbyttepengane og ikkje sjølve fondet, vil ikkje fondet krympe. Dermed skal alle pengane som Noreg har fått i inntekter frå olje- og gassverksemda på norsk sokkel, også kome folk til gode i framtida.

Verdien på oljefondet var i juni 2019 over ni tusen milliardar kroner, og var då på om lag 9 160 000 000 000 kroner (ni tusen eit hundre og seksti milliardar kroner, per juni 2019), per 1. desember 2015 var det på 7 409 000 000 000 kroner (sju tusen fire hundre og ni milliardar kroner). Til samanlikning var statsbudsjettet i 2015 på 1199 milliardar kroner. Oljefondet er dermed om lag fem gongar større enn statsbudsjettet. På denne lenkja kan du sjekke kor stort oljefondet er akkurat no: http://www.nbim.no/no/

Kjelder

Finansdepartementet: «Retningslinjer for bruk av oljepenger (handlingsregelen», sist oppdatert 7.5.2013, http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/tema/norsk_okonomi/bruk-av-oljepenger-/retningslinjer-for-bruk-av-oljepenger-ha.html?id=450468 [lesedato 12.8.2013]

Finansdepartementet: «Økt aksjeandel i pensjonsfondet og justert anslag for fondsavkastningen», sist oppdatert 16.2.2017, https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/okt-aksjeandel-i-pensjonsfondet-og-justert-anslag-for-fondsavkastningen/id2539299/ [lesedato 12.10.2017]

Kjetil Malkenes Hovland: «Oljefondet passerer 8.000 milliarder», e24.no, publisert 25.4.2017: http://e24.no/boers-og-finans/oljefondet/oljefondet-passerer-8-000-milliarder/23982352 [lesedato 27.4.2017]

Erik Lundesgaard: «Større, størst, statsbudsjett», publisert 9.10.2012, http://www.statogstyring.no/2-kommentarer/erik-lundesgaard/114-storre-storst-statsbudsjett [lesedato 21.8.2013]

St. Meld. Nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken, Finansdepartementet, http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/dok/regpubl/stmeld/20002001/stmeld-nr-29-2000-2001-.html?id=194346 [lesedato 21.8.2013]

NRK Skole: «Hvor hellig er handlingsregelen?», videoklipp frå NRK Dagsrevyen sendt 7.5.2012, http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=urn:x-mediadb:19215 [lesedato 12.8.2013]

NRK Skole: «Oljefondet og avkasning», videoklipp sendt 8.10.2012, http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=urn:x-mediadb:18753 [lesedato 12.8.2013]

Øystein Olsen: «Økonomiske perspektiver», Noregs Bank årstale 2012, publisert 16.2.2012, http://www.norges-bank.no/no/om/publisert/foredrag-og-taler/2012/arstale/ [lesedato 12.8.2013]

Tom Staavi: «Handlingsregelen for dummies», sist oppdatert 8.5.2013, http://www.dinepenger.no/kommentarer/handlingsregelen-for-dummies/20366539 [lesedato 12.8.2013]

Einar Takla: «Regjeringen bruker 125 milliarder oljekroner i år», Dagens Næringsliv, sist oppdatert 7.5.2013, http://www.dn.no/forsiden/borsMarked/article2609503.ece [lesedato 12.8.2013]

Siri Viberg og Guro Flaarønning: «Hva er egentlig handlinsregelen», Høgskolen i Oslo og Akershus, sist oppdatert 24.4.2013, http://journalen.hioa.no/journalen/Innenriks/2013/04/24/hva-er-egentlig-handlingsregelen1 [lesedato 12.8.2013]

Peikarar

Nettstaden til oljefondet, nbim.no

Regjeringa: «Retningslinjer for bruk av oljepenger (handlingsregelen)», regjeringa.no

Først publisert: 26.08.2013
Sist oppdatert: 10.10.2019