Hopp til innhold
X
Innhald

Ikkje-spreiingsavtalen

Ikkje-spreiingsavtalen, på engelsk Nuclear Non-Proliferation Treaty, NPT, er ein avtale frå 1. juli 1968 mellom Storbritannia, USA og Sovjetunionen, SSSR, og andre statar.
Avtalen forpliktar stormaktene til ikkje å hjelpe nye statar som ikkje har kjernefysiske våpen, til å skaffe seg slike. Ikkje-spreiingsavtalen vart forlengd på uviss tid i 1995. Pr. 2013 har 189 land skrive under traktaten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014