Hopp til innhold
X
Innhald

Imperialisme

Imperialisme er namnet på ein politikk som tek sikte på å utvide maktområdet til ein stad på kostnad av andre folkeslag.
 
Nemninga vart teken i bruk om den ekspansive politikken som stormaktene dreiv frå 1880-åra og utover, særleg den politiske og økonomiske kontrollen som Storbritannia hadde over verdsriket sitt.
 
I dag vert ordet brukt om alle former for ekspansjon ein nasjonalstat gjer utover eigne grenser, for å oppnå politisk eller økonomisk kontroll over andre område, ofte kombinert med og basert på militær kontroll. I marxistisk tenking er imperialisme definert som kapitalisme som internasjonalt system. Dette dekkjer mellom anna kontrollen som dei store multinasjonale selskapa har med økonomien i land i den tredje verda.
 
Imperialisme vert brukt både om tilhøvet USA har til Latin-Amerika og tilhøvet Sovjetunionen hadde til dei austeuropeiske landa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012