Hopp til innhold
Foto: 

Yad Vashem (Item ID 30312; Archival signature 4613/224); Encyclopedia of the Holocaust - Hebrew Edition 1990
Foto: Yad Vashem (Item ID 30312; Archival signature 4613/224); Encyclopedia of the Holocaust - Hebrew Edition 1990
X
Innhald

Jødeforfølgingar

Jødeforfølgingar har gått føre seg heilt sidan oldtida med ulike påskot og har ofte fungert som ei avsporing frå sosial uro og misnøye i samfunnet. Til tider har dei religiøse rituala til jødane vore brukte som påskot. I kristne samfunn har det vorte hevda at jødane hadde ei kollektiv skuld for at Jesus vart krossfest. Romarkyrkja hadde dette synet heilt til 2. Vatikankonsil i 1964.
Nazistane framstilte jødane som ein eigen, mindreverdig rase og brukte det som grunngiving for den systematiske likvidasjonen av jødane før og under den andre verdskrigen då seks millionar jødar vart drepne. Under korstoga på 1100–1300-talet vart jødar forfølgde. Det same skjedde i Spania frå 1492 då arabarane vart drivne ut, og i Aust-Europa frå 1600-talet. På 1500-talet måtte jødane i Italia bu i visse område i byane, såkalla gettoar, eit førebilete som vart følgd i mange andre land. I Russland var det mange jødefiendtlege pogromar. Det vil seie systematisk forfølging og massemord.
Negative haldningar til jødar kan òg sporast i paragraf 2 i den norske grunnlova frå 1814: "Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget." Frå 1800-talet vart den irrasjonelle jødefiendtlegskapen kalla antisemittisme. Det er eit misvisande ord, sidan semittar er alle som talar eit semittisk språk, og tilhøyrer dei semittiske kulturgruppene, mellom anna arabarane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012