Hopp til innhold
 Karl Marx.Foto marxists.org
Karl Marx.Foto marxists.org
X
Innhald

Kommunisme

Kommunisme, frå latin communis, felles, er ein politisk ideologi som tek sikte på å innføre felles eigedomsrett til produksjonsmidla. Den eldste kommunistiske læra vart utforma av Platon i Staten. Verket Utopia av Thomas More er òg vidgjete.
 
I moderne tid byggjer kommunismen først og fremst på skriftene til Karl Marx og Friedrich Engels, mellom anna Det kommunistiske manifest frå 1948.
 
Marx påstod at arbeidarklassa skulle erobre retten til dei økonomiske ressursane i samfunnet, det såkalla proletariatets diktatur, gjennom ein revolusjon. Vidare skulle utviklinga føre fram til eit klasselaust samfunn med felles eigedomsrett og disposisjonsrett.
 
Teorien vart bygt vidare ut av Lenin. Han påstod at proletariatets diktatur berre kan gjennomførast av ein aktiv partielite under hard disiplin. Lenin stilte seg i spissen for oktoberrevolusjonen i Russland i 1917 og konsentrerte makta i arbeidar- og soldatråd som med grunnlag i bonde- og arbeidarfolket skulle gjennomføre proletariatets diktatur. I 1919 vart den kommunistiske verdsorganisasjonen Komintern grunnlagd etter sovjetisk initiativ. Komintern vart oppløyst i 1943 og følgd av Kominform.
 
Etter den andre verdskrigen vart kommunistleidde regime innført i alle austeuropeiske land. I ei rekkje statar utanfor Europa greip kommunistiske parti etter kvart makta. I byrjinga av 1960-talet splitta dei kommunistiske partia seg med det kinesiske og sovjetiske partiet som drivkrefter på kvar side. På slutten av 1980-talet tok partia i Sovjet og Kina opp att sambandet. Kort tid etter vart maktmonopolet til kommunistpartia brote i Aust-Europa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012