Konfliktlinjer er djupe og langvarige motsetnader i samfunnet. Desse avstandane har skapt grunnlag for idékamp og politiske parti, og dei ligg under mange av enkeltsakene som partia er opptekne av.

Kva som er konfliktlinjer, varierer frå land til land. På 1800-talet i Noreg fekk dei sosiale og kulturelle verdiane til overklassa i byane motstand frå folkerørsler i distrikta. Då statsvitaren Stein Rokkan studerte partia sine stridsspørsmål i 1960-åra, såg han at striden mellom by og land framleis gjorde seg gjeldande. Denne første og langvarige skiljelinja i politikken kalla han ein sentrum–periferi-konflikt.

Konfliktlinja mellom by og land la grunnlaget for partiet Venstre som talerøyr for landsbygda, og partiet Høgre som talerøyr for byane. Arbeidarpartiet var svaret på konflikten mellom arbeidsgivarar og arbeidarar, ei konfliktlinje vi finn att i alle vestlege land.

Etter Rokkan si tid er andre konfliktlinjer komne til, til dømes ei konfliktlinje mellom økonomisk vekst og miljøverninteresser. På 2000-talet har ulike syn på innvandring, og ein skjerpt motsetnad mellom globalisering og nasjonalstatar, skapt nye konfliktlinjer.

Dersom konfliktlinjer er samanfallande, kan dei forsterke kvarandre og svekkje den politiske kompromissviljen. I Nord-Irland var det lenge samanfall mellom religion og økonomi, der katolikkane var dei fattige og protestantane dei meir velståande. I Noreg har konfliktlinjene i hovudsak vore kryssande. Dei fleste partia har grupper med motstridande syn på viktige samfunnsspørsmål. Dette krysspresset har fremja politisk måtehald og ro.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg