Hopp til innhold
X
Innhald

Konføderasjon

Konføderasjon tyder samband, til dømes eit laust statssamband. Dei konføderate statane, på engelsk The Confederate States of America, var namnet på den konføderasjonen som vart danna i 1861 med delstatane Alabama, Arkansas, Florida, Georgia, Louisiana, Mississippi, North Carolina, South Carolina, Tennessee, Texas og Virginia med Jefferson Davis som president. Opprettinga av sambandet førde til den amerikanske borgarkrigen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 07.06.2013