Hopp til innhold
X
Innhald

Korporasjon

Korporasjon, frå latin corpus, lekam, tyder laug eller samanslutning. Ei korporativ statsform er ei statsform der nærings- og yrkesorganisasjonar dannar hovudgrunnlaget for statsforma. Korporasjon vart i teorien gjennomførd under fascismen i Italia, men i praksis var det staten som kontrollerte korporasjonane, ikkje omvendt. Under okkupasjonen prøvde Quisling å gjennomføre liknande idear her i landet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012