Hopp til innhold

Kriseforliket

Alliansen som Arbeidarpartiet og Bondepartiet inngjekk i 1935, vert kalla kriseforliket. Tida etter første verdskrigen hadde vore prega av kriser og sterke politiske motsetnader, men arbeidarrørsla og bøndene fann saman i ei felles interesse for ein ny økonomisk politikk.

Kriseforliket hadde sin bakgrunn i ein svært turbulent periode i norsk historie. Hausten 1920 gjekk økonomien inn i ei krisetid, med fallande prisar, avsetningsvanskar og høg arbeidsløyse. Kortvarige periodar med oppgang (1923–25 og 1928–30) vart avløyste av nye kriser. Frå 1931 breidde verdskrisa seg frå USA til Europa, med kraftig produksjonsfall og rekordmange arbeidsledige. Jordbruket sleit med dårlege prisar og tunge gjeldsbører. Mange gardar måtte seljast på tvangsauksjon.

Arbeidslivet var prega av konfliktar, med streikar og lockoutar. Klassekamp var ei sentral sak for arbeidarrørsla, og stemninga vart oppheta av valdelege samanstøytar. I Menstad-slaget i 1931 rauk streikande arbeidarar i hop med statspolitiet, og regjeringa sette inn militære styrkar for å oppretthalde ro og orden.

I perioden 1920–35 vart landet styrt av heile ti ulike, kortliva borgarlege regjeringar. Arbeidarpartiet hadde stått fram som revolusjonært klassekampparti i 1918. Partiet gjekk igjennom kløyving og samling før det danna si første regjering i 1928, men Hornsrud-regjeringa fekk sitje i berre 18 dagar. Arbeidarpartiet gjekk etter kvart over frå ei radikal til ei meir reformistisk linje, og fekk større oppslutning utover i 1930-åra.

Kriseåra i byrjinga av 1930-åra sette fart i kampen for ein ny økonomisk politikk, der staten spela ei meir aktiv rolle, inspirert av ideane til økonomen John Maynard Keynes. I USA starta president Franklin D. Roosevelt reformprogrammet New Deal, som gav det offentlege større ansvar for velferda i samfunnet. Slike tankar fall i god jord også blant norske bønder, men fekk mindre støtte av dei andre borgarlege partia. Dette la grunnlaget for at Bondepartiet kom til å støtte Johan Nygaardsvold si Ap-regjering i 1935.

Kriseforliket innebar større statsbudsjett, med løyvingar til jord- og skogbruk, til fiskeria og kommunane, og til vegbygging og bustadbygging. Budsjetta vart finansierte med auka skattar. Forliket la òg grunnlaget for stabile Ap-regjeringar. Med unntak av krigsåra og den kortliva Lyng-regjeringa i 1963, kom Arbeidarpartiet til å styre landet gjennom dei neste 30 åra.

 

Kjelder

Reidar Almås: Noregs landbrukshistorie IV. 1920–2000. Frå bondesamfunn til bioindustri. Oslo 2002

Berge Furre: Norsk historie 1914–2000. Oslo 2000

Per Maurseth: Arbeiderbevegelsens historie i Norge, bd. 3: Gjennom kriser til makt (1920–1935). Oslo 1987

 

Peikarar

Marcus Pieterse: «Kriseforliket av 1935: Innhold, bakgrunn og konsekvenser», historieblogg.no

StudentTorget: «Bakgrunnen for kriseforliket 1935», studenttorget.no

Universitetet i Oslo: «Nygaardsvold om kriseforliket», norgeshistorie.no

Først publisert: 18.03.2016
Sist oppdatert: 12.03.2020