Hopp til innhold
 Margareth Thatcher. Foto: www.margaretthatcher.org
Margareth Thatcher. Foto: www.margaretthatcher.org
X
Innhald

Liberalisme

Liberalisme, frå latin liber, fri, er ein politisk ideologi som prega utviklinga i Europa frå 1700-talet og framleis spelar ei vesentleg rolle.

Ideologien kom som ein reaksjon på føydale tradisjonar og på eineveldet. Liberalismen la derfor størst vekt på einskildindividet og rettane til det, medan staten med inngrep i tilværet til den einskilde vart ein fiende som ein måtte avgrense makta til mest mogleg.

Heimlandet til liberalismen var England med filosofar som John Locke og Adam Smith. Med tanke på økonomi rekna liberalismen med at størst mogleg fridom for den einskilde ville føre til best mogleg resultat for samfunnet. Den britiske sosialfilosofen og juristen Jeremy Bentham formulerte målsetjinga med liberalismen med slagordet "størst mogleg lukke for flest mogleg menneske".

Den økonomiske krisa i 1930-åra førte til eit tilbakeslag for liberalismen. I 1980-åra fekk han ein renessanse, ikkje minst i samband med politikken til Reagan-administrasjonen i USA og politikken til Thatcher i Storbritannia. Påverknad frå liberalismen kan òg sporast i tradisjonelt sosialdemokratiske samfunn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 05.08.2017