Hopp til innhold
X
Innhald

Lønsnemnd

Lønsnemnd er ei ordning for å avgjere tvistar om ordning av arbeids- og lønsvilkår eller andre arbeidstilhøve som ikkje er omfatta av ein tariffavtale, og når dette ikkje kan løysast gjennom forhandlingar eller mekling.
 
Ei rikslønsnemnd vart oppretta ved lov av 19. desember 1952. Nemnda har sju medlemer: tre nøytrale, to frå arbeidstakar- og to frå arbeidsgivarorganisasjonane. I tillegg til rikslønsnemnda finst det særskilde lønsnemnder for visse meklingskrinsar. Desse har tre medlemer: ein nøytral og to partsrepresentantar.
 
Friviljug lønsnemnd kjem i stand når partane i fellesskap ber om det. Tvungen lønsnemnd må vedtakast anten med særskild lov eller provisorisk ordning. Ei avgjerd frå lønsnemnda har same verknad som ein tariffavtale.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012