Hopp til innhold
  Kong Harald, kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra. Foto: Morten Brun,  Det kongelige hoff
Kong Harald, kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra. Foto: Morten Brun, Det kongelige hoff
X
Innhald

Monarki

 
I Noreg er regjeringsforma etter Grunnlova paragraf 1 "indskrænket og arvelig monarkisk".
Monarki har opphav i gresk og tyder eigentleg "einestyre". Styreforma har eit statsoverhovud som er monark, keisar, konge eller dronning. I eldre tid var valmonarki vanleg. Det vart seinare avløyst av arveleg monarki. I eit absolutt monarki har monarken lovgivande, utøvande og dømande makt, altså eit einevelde. I eit avgrensa monarki tek folket del i maktutøvinga.
 
I Noreg er regjeringsforma etter Grunnlova paragraf 1 "indskrænket og arvelig monarkisk". Det norske monarkiet er  konstitusjonelt. Oppgåvene til kongen er representative og sermonielle. Det er regjeringa som er den utøvande makt i Noreg, og den lovgjevande makta ligg i Stortinget.

Foto: H.M. Kong Harald og H.K.H. Kronprins Haakon. Foto: Sølve Sundsbø/ Det kongelege hoff
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 04.12.2014