Hopp til innhold
X
Innhald

Nasjonalisme

Nasjonalisme er ein ideologi som set nasjonen først. Nasjonalismen kan bli brukt til å knyte folk saman i ein større fellesskap, men også til å ekskludere dei som er annleis.

Nasjonalismen byggjer på førestillinga om nasjonen som eit sentralt fellesskap, med krav på suverenitet og lojalitet. Ein nasjon er ei folkegruppe med felles språk, kultur, tradisjonar og/eller verdiar, slik at ein stor del av medlemene opplever å høyre saman. Nasjonalistar ønskjer å styrkje nasjonen og gi han forrang framfor andre fellesskap og identitetar.

Det finst to hovudtypar av nasjonalisme:

1) Politisk nasjonalisme ser på nasjonen som ein politisk fellesskap. Alle statsborgarar som sluttar opp om dei politiske institusjonane i landet, høyrer då med til nasjonen. Denne retninga har røter i opplysingstida og den franske revolusjonen, då dei revolusjonære ville samle Frankrike som éin nasjon, med like rettar og plikter for alle.

2) Etnisk nasjonalisme ser på nasjonen som ei gruppe med felles kultur, språk og opphav. Dei som har ein annan kultur enn fleirtalet, er dermed ikkje ein del av nasjonen. Denne retninga har røter i tysk romantikk og er inspirert av tanken om at kvart folkeslag har sin spesielle eigenart, som mellom anna kjem til uttrykk gjennom språket og folkekulturen.

På 1800-talet la nasjonalismen grunnlaget for nasjonsbygginga som førte til offentlege skuletilbod, trygdeordningar og utvida folkestyre i mange land. Seinare utvikla nasjonalismen seg til det ekstreme og blei brukt til å forsvare aggressiv krigføring, undertrykking og einsretting, med den tyske nazismen som eit skrekkeksempel.

I Noreg har nasjonalismen hatt både politiske og etniske trekk. Han har inspirert både reisinga av norsk folkekultur og språk, og kampen for sjølvstende, demokrati og utjamning. Etter andre verdskrigen har nasjonalisme fått ein negativ klang, mest knytt til ekstrem innvandringsmotstand. Fleire debattantar har likevel teke til orde for ein positiv nasjonalisme som kan byggje bru over veksande sosiale, kulturelle og politiske skilje.

Nasjonalismen er stadig ei aktiv kraft i ulike delar av verda. I mange land ser vi i dag ein nasjonalistisk reaksjon mot globalisering og innvandring. President Donald J. Trump i USA er eit døme på dette. Det finst også ein sterk regional nasjonalisme i land der nasjonale minoritetar krev sjølvstende eller anerkjenning frå sentralmakta, til dømes katalanarar i Spania og skottar i Storbritannia.

 

Kjelder

Nils August Andresen (red.): «Nasjonalisme», temanummer av Minerva, nr. 1/2019

Øyvind Østerud: Nasjonalisme. Oslo 2018

Nenad Miscevic: «Nationalism», plato.stanford.edu, publisert 15.12.2014: https://plato.stanford.edu/archives/sum2018/entries/nationalism/ [lesedato 30.6.2019]

Først publisert: 20.02.2020
Sist oppdatert: 20.02.2020