Hopp til innhold
X
Innhald

Nynazisme

Nynazisme, nemning for politiske rørsler med nazistisk preg som er oppstått etter andre verdskrigen.

Sjølv om oppslutninga i val til tider har vore låg, er nynazistiske grupper stadig aktive, mellom anna i Tyskland. Agitasjonen er særleg retta mot framandarbeidarar og flyktningar. Liknande grupperingar finst i dei fleste vesteuropeiske landa og har også gjort seg gjeldande i Noreg, mellom anna ved organisasjonen Norsk Front, frå 1980 kalla Nasjonalt Folkeparti. Den store arbeidsløysa tidleg i 1990-åra og den økonomiske krisa etter finanskrisa i 2008 gav nytt liv til slike grupper både i vest og aust.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.11.2013
Sist oppdatert: 12.11.2013