OPS er ein måte å finansiere offentlege utbyggingsprosjekt på, der private aktørar får mykje ansvar. Finansieringsmodellen er omstridd.

Faktaboks

Også kjend som

PPP (Public-Private Partnership)

OPS står for offentleg-privat samarbeid. Det er ein finansieringsmodell der stat eller kommune gir ein privat aktør ansvar for bygging, drift og vedlikehald av offentlege bygg eller infrastruktur. Private selskap får lange kontraktar, og den offentlege aktøren må betale ned oppdraget i årlege summar, gjerne over 20–40 år. Den private aktøren må sjølv sørgje for finansiering av prosjektet. Det skjer ofte ved at han må ta opp store lån, som regel til ei dårlegare rente enn det staten eller ein kommune kunne ha fått for tilsvarande lån.

Dei første tre OPS-prosjekta i Noreg vart vedtekne av Stortinget i 2001. Det var vegutbygging på strekningane E39 Klett – Bårdshaug, E39 LyngdalFlekkefjord og E18 GrimstadKristiansand. Prosjekta er ferdigstilte, og fleire har kome til. Kristiansand kommune har til dømes i ettertid hatt to byggjeprosjekt i andre sektorar som er finansiert gjennom OPS. Aktivitetssenteret Aquarama, med badeland og klatrevegg, stod klart i 2013, og Justvik skole, også bygd gjennom OPS, stod ferdig i 2018.

Omstridd finansieringsmodell

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet evaluerte Transportøkonomisk institutt (TØI) og Dovre International i 2007 dei tre OPS-prosjekta frå 2001. I evalueringsrapporten vart det konkludert med fleire positive verknader og gode effektiviseringsgevinstar. Det vart konstatert at utbyggingsprosessen hadde gått raskare enn det som var vanleg ved tilsvarande prosjekt, og at det var ein fordel å vere fristilt frå årlege budsjetteringar i offentlege organ.

Det er i hovudsak partia på høgresida i politikken som har vore pådrivarar for OPS. Vanlege argument har vore at ordninga legg til rette for ein meir effektiv prosess, med raskare igangsetjing, mindre byråkrati og meir langsiktig planlegging. Det offentlege ber mindre av risikoen, ved at den private aktøren får alle kostnader ved ei eventuell forseinking av prosjektet.

Politikarar frå sentrum og venstresida i politikken har vore kritiske til OPS. Argumenta har vore høgare rentekostnader, med større totalkostnad for prosjektet, og ein generell skepsis til at private aktørar vert for tungt involverte i offentlege prosjekt. Også fagrørsla og frittståande organisasjonar har markert seg som OPS-motstandarar. Det er samstundes verdt å merke seg at dei første forsøka med OPS vart initierte av den reine Arbeidarparti-regjeringa Stoltenberg I. OPS-prosjekta i 2001 vart godkjende av nesten alle partia på Stortinget, der berre Sosialistisk Venstreparti røysta imot.

Erfaringar frå Storbritannia

I dei skandinaviske landa er bruken av OPS førebels avgrensa. Storbritannia vert sett på som det store føregangslandet for OPS, eller PPP (Public-Private Partnership). Privatiseringa skaut for alvor fart då Margaret Thatcher kom til makta i 1979, men det var først Major-regjeringa som tok i bruk OPS frå 1992 og utover. Erfaringane er blanda. Også i Storbritannia vert det meldt om raskare utbyggingar. Samstundes har det vore problematisk at rekninga og rentekostnadene vert skuva fram i tid. Dei seinare åra har britiske politikarar peika på store budsjettproblem på grunn av tidlegare utbyggingar, og har signalisert endring i bruken av OPS.

På oppdrag frå den norske tenkesmia Manifest har professorane Allyson Pollock og David Price ved Queen Mary University of London utarbeidd ein større rapport om dei britiske erfaringane med OPS i helsesektoren. Rapporten kom i 2013. I Storbritannia har OPS først og fremst vorte brukt ved bygging av sjukehus og skular. Ved sidan av gjeldsproblema som det offentlege etter kvart hamnar i, vert det peika på høge profittkrav frå aksjonærane, noko som driv opp kostnadene.

Bruk av OPS i Noreg framover

Både Høgre, Framstegspartiet og Venstre har programfesta at OPS er ein ønskjeleg måte å få i gang meir vegutbygging på. I statsbudsjettet for 2015 vart det vedteke å starte tre større prosjekt: Rv. 555 Sotrasambandet i Hordaland, Rv. 3/25 HamarElverum i Hedmark og E10/Rv. 85 mellom Tjeldsundet og Langvassbukt i Nordland. Regjeringa Solberg oppmoda kommunane til i større grad å ta i bruk OPS og fekk produsert utgreiingsarbeid, der fordelar og ulemper med OPS er synleggjorde.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg