Hopp til innhold
Løvebakken og Stortinget. Foto: Kjell Jøran Hansen, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.
Løvebakken og Stortinget. Foto: Kjell Jøran Hansen, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.
X
Innhald

Parlamentarisme

Parlamentarisme, styreform som gir fleirtalet i Stortinget makt over regjeringa. Dersom fleirtalet i Stortinget manglar tillit til regjeringa, må regjeringa gå.

Frå 1814, då vi kom i union med Sverige, var det den felles kongen i Stockholm som avgjorde kven som skulle sitje i regjeringa. Det gjorde han etter råd frå dei fremste embetsmennene. Det var òg embetsmenn som blei statsrådar, og ved kvar avgang blei ein ny embetsmann innsett. Styreforma blei kalla embetsmannsstyre, og Stortinget hadde lite det skulle ha sagt om kven som skulle vere statsrådar. Det skapte ein stendig aukande konflikt mellom kongemakta og embetsmennene på den eine sida og dei folkevalde på den andre.
Parlamentarismen voks fram i England gjennom 1700-talet, i ei tid lenge før parlamentet reelt sett var blitt ei folkevald forsamling.
Kvinner fotografert framfor Stortinget i 1909. Fotograf Mittet & co, Nansenarkivet. Kjelde: Riksarkivet.
Kvinner fotografert framfor Stortinget i 1909. Fotograf Mittet & co, Nansenarkivet. Kjelde: Riksarkivet.
Her i landet slo parlamentarismen som styresett igjennom frå 1884, då regjeringa Selmer blei frådømt embeta sine i riksrett. I lang tid hadde det vore strid om statsrådane sin rett til å møte i Stortinget. Eit fleirtal av stortingsrepresentantane ønskte ein slik rett, medan kongen stritta imot. Han var redd for å misse makt til dei folkevalde. Etter at kongen hadde nedlagt veto tre gonger mot framlegget om å opne for statsrådar i Stortinget, og det likevel ikkje blei gjennomført slik Grunnlova krev, blei det reist riksrettstiltale mot regjeringa, og regjeringa Selmer blei frådømt embeta sine. Kongen blei nøydd til å utnemne opposisjonsleiaren Johan Sverdrup frå Venstre til ny statsminister for ei regjering som hadde fleirtalet i Stortinget bak seg, og statsrådane måtte møte i Stortinget for å svare for seg. Dette blei opninga for eit parlamentarisk styresett. «All makt i denne sal», sa Johan Sverdrup, og med det meinte han at det heretter skulle vere i den folkevalde forsamlinga Stortinget og ikkje hos kongen at regjeringa henta maktgrunnlaget sitt.
Kabinettsspørsmål
Det tok si tid før dette styresettet slo igjennom for fullt, men etter 1905 var det akseptert av alle partia, sjølv om det ikkje blei skrive inn i Grunnlova. Det skjedde først i 2007.
Parlamentarismen blei lov gjennom tiår med praktisering, det juristar kallar sedvanerett. Kabinettsspørsmål heiter det når ein statsminister eller ein statsråd vil presse fram eit vedtak i Stortinget og varslar avgang dersom vedkomande ikkje får fleirtalet med seg. Siste gongen det skjedde, var då statsminister Kjell Magne Bondevik i 2000 stilte kabinettsspørsmål på motstanden sin mot å byggje gasskraftverk. Han fekk fleirtalet mot seg og måtte gå. Ei regjering eller ein statsråd kan òg sjølv be om tillitsvotum i Stortinget. I den grad stortingsfleirtalet manglar alternativ, kan det vere eit politisk pressmiddel. Den første regjeringa Bondevik hadde i 1997 berre 42 av totalt 165 representantar bak seg i Stortinget, men likevel kunne Kjell Magne Bondevik skipe regjering, fordi Høgre og Framstegspartiet med sine 48 representantar heller ville ha han enn ei ny Arbeidarparti-regjering.
Her i landet praktiserer vi såkalla negativ parlamentarisme. Det vil seie at ei regjering kan sitje til ho blir felt av stortingsfleirtalet, og ho treng ikkje be Stortinget om tillit. Er regjeringa først innsett, er det Stortinget som må fjerne henne dersom ikkje statsministeren sjølv vel å gå til kongen og søkje om avskjed.
Negativt fleirtal
Det kan òg skje at ei regjering får såkalla negativt fleirtal mot seg. Det vil seie at ulike fraksjonar eller parti kan ha ulike formuleringar på framlegga sine til vedtak, som i sum gir uttrykk for mistillit, men som ikkje einskildvis har noko fleirtal. I slike tilfelle står regjeringa fritt til å velje om ho skal gå, eller ho kan òg be om tillitsvotum for å avklare kor reell viljen er til å felle regjeringa. Den vanlegaste årsaka til mistillitsforslag etter krigen har vore brot på den opplysingsplikta regjeringa har overfor Stortinget. Manglar Stortinget opplysningar i ei sak, eller får feil opplysningar, kan det gi grunnlag for mistillit.
Fleirtals- og mindretalsparlamentarisme
I den første perioden, frå 1884 til 1918, var norsk politikk i hovudsak prega av eit topartisystem og regjeringar som hadde fleirtal i Stortinget. Frå 1918 og fram til 1940 var det eit fleirpartisystem og inga regjering med fleirtal i Stortinget åleine. Då blei Noreg styrt av mindretalsregjeringar (mindretalsparlamentarisme). Ei mindretalsregjering kan eksistere berre fordi det ikkje er mogleg å skipe ei fleirtalsregjering, og mindretalsregjeringar blir rekna for å vere svakare enn fleirtalsregjeringar. I perioden frå 1945 til 1961 hadde Noreg fleirtalsparlamentarisme i og med at Arbeidarpartiet åleine hadde fleirtalet i heile denne perioden. Frå 1961 og fram til i dag har det ikkje vore noko einskildparti som har hatt fleirtal åleine. Det har for det meste vore mindretalsregjeringar (mindretalsparlamentarisme). I tillegg til regjeringane til Gerhardsen og Torp, frå 1945 til 1961, har også Borten-regjeringa 1965–71, Willoch-regjeringa 1981–86 og den raudgrøne regjeringa til Stoltenberg 2005–13 vore fleirtalsregjeringar (fleirtalsparlamentarisme).
Vanlegvis er det slik at i periodar med fleirtalsparlamentarisme misser Stortinget makt i høve til regjeringa og regjeringsapparatet. Fleire av sakene blir avgjorde rundt statsrådsbordet, og Stortinget får preg av å vere eit slags sandpåstrøingsorgan. Dette kan opposisjonspartia på Stortinget prøve å motverke gjennom å vinne gehør hos opinionen. Det har dei seinare åra ikkje minst skjedd gjennom opne og fjernsynsoverførte høyringar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget. Med mindretalsparlamentarisme vil makta til Stortinget auke, for det er først gjennom forhandlingar mellom regjeringspartia og opposisjonen at det kan skaffast fleirtal for sakene. Di fleire parti som er representerte på Stortinget, di meir aukar sjansen for mindretalsparlamentarisme.
Kjelder
Johs. Andenæs: Statsforfatningen i Norge. Oslo 1990
Per Stavang: Parlamentarisme og maktbalanse. Oslo 1964
Morten Søberg: Sverdrups ekko. Parlamentariske undersøkingar, essay. Oslo 2010
Ivar Buch Østby: Storting og regjering. Oslo 2010
Nettsidene til Stortinget: www.stortinget.no/
Nettsidene til regjeringa: http://www.regjeringen.no/
Peikarar

Først publisert: 19.08.2013
Sist oppdatert: 09.09.2017