Hopp til innhold
X
Innhald

Passiv motstand

Passiv motstand er systematisk motstand utan bruk av våpen. Motstandarane vel heller å nekte å lyde ordre eller samarbeide.

Mest kjend er ulydnadskampanjane til Mahatma Gandhi både då han kjempa for å betre tilhøva til den indiske minoriteten i Sør-Afrika i byrjinga på 1900-talet, og seinare i kampen for å frigjere India.


Passiv motstand har òg vore brukt i Noreg under okkupasjonen og i fredstid, til dømes Mardøla-aksjonen i 1970 og Alta-aksjonen i perioden 1979–81.

Passiv motstand blir òg kalla sivil ulydnad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 24.02.2016