Hopp til innhold
X
Innhald

Permittering

Permittering er mellombels heilt eller delvis opphøyr av eit arbeidstilhøve. Vanlegvis vert dette regulert i tariffavtaleverket, til dømes i Hovudavtalen mellom Landsorganisasjonen i Norge (LO) og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), men følgjer òg sedvane i arbeidslivet.
Permittering etter varsel, vanlegvis 14 dagar, kan skje mellom anna ved problem med å finne arbeidsoppgåver på grunn av innskrenking av drifta eller driftsstans. Den permitterte har krav på å få ta opp att arbeidet når vanskane er over. Ved lov av 6. mai 1988 gjeld reglar om utbetaling av løn i ei viss tid etter at permitteringa er sett i verk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 14.09.2012