Hopp til innhold
X
Innhald

Proletariatets diktatur

Proletariatets diktatur er etter det Karl Marx seier, overgangsstadiet mellom kapitalisme og kommunisme. Lenin vidareutvikla det til ein sentral del av den kommunistiske ideologien.
I den marxistisk-leninistiske klassekampteorien er proletariatets diktatur den overgangsforma som følgjer etter ein sosialistisk revolusjon. Då vert gamle politiske byråkratiet øydelagt og eigedomsretten til produksjonsmidla vert overførde til folket, noko som er eit vilkår for at det klasselause samfunnet kan skapast.
Proletariat er nemning for "dei eigedomslause".

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 14.09.2012