Hopp til innhold
X
Innhald

Revisjonisme

Revisjonisme er ei retning i arbeidarrørsla, grunnlagd av den tyske sosialdemokraten Eduard Bernstein som i 1899 gav ut boka Sosialismens forutsetninger og sosialdemokratiske oppgaver. Han forkasta teoriane Karl Marx hadde om det uunngåelege samanbrotet for kapitalismen, den valdelege revolusjonen og proletariatets diktatur, og ville heller danne kapitalismen gradvis om i ei sosialistisk retning.
 
Nemninga revisjonisme vart òg brukt i polemikken Lenin hadde mot mellom andre Kautsky.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 14.09.2012