Hopp til innhold
X
Innhald

Sabotasje

Sabotasje kjem av fransk sabot som tyder tresko. Fordi arbeidarar kasta treskor i maskinene for å stoppe dei, har sabotasje gitt namn til kampmiddel som hindrar produksjonen, til dømes med å setje ned arbeidstempoet eller øydeleggje maskiner, verkty eller bygningar. I krig er sabotasje eit vanleg kampmiddel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 14.09.2012