Hopp til innhold
X
Innhald

Solidaritetsalternativet

Solidaritetsalternativet hadde utspring i Sysselsettingskommisjonen i 1992: Gjennom moderat lønsvekst og aktiv styring av finans-, penge- og arbeidsmarknadspolitikken skulle konkurranseevna betrast og arbeidsløysa gå ned.
 
Solidaritetsalternativet var eit uttrykk for brei politisk konsensus og semje mellom partane i arbeidslivet om å vidareføre sentralisert samordning av lønsoppgjera. Dette prega inntektsoppgjera på heile 1990-talet.
 
Oppslutnaden om solidaritetsalternativet er svekt, mellom anna som følgje av veksten i norsk økonomi, svært låge arbeidsløysetal og misnøye med lønsutviklinga i store arbeidstakargrupper.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 14.09.2012