Hopp til innhold
X
Innhald

Sosialdemokrati

Sosialdemokrati er opphavleg namn på den forma for sosialisme som spelte ei vesentleg rolle i 1848-revolusjonane. I siste delen av 1800-talet vart nemninga brukt om heile den sosialistiske rørsla. Partia i rørsla vart organisert i Den andre internasjonalen i 1889. Partia romma både moderate og revolusjonære grupperingar og etter kvart fekk dei moderate eit overtak.
 
Brotet kom i dei fleste partia i tida rundt den andre verdskrigen, og særleg som ein følgje av den russiske revolusjonen. Sosialdemokrati vart då nemninga på dei moderate, revisjonistiske partia, medan dei revolusjonære gjekk over til å kalle seg kommunistar. Utover i 1920- og 30-åra vart den sosialdemokratiske teorien gradvis utvikla, men nasjonale særdrag gjer det vanskeleg å omtale han som éin klar ideologi. Det er heller snakk om haldningar som er nært i slekt. Revolusjonære mål som oppheving av den private eigedomsretten til produksjonsmidla, vart utvatna og etter kvart fjerna frå programma. Sosialdemokratane vart då berarar av det den svenske statsvitaren og redaktøren Herbert Tingsten kalla ein "allmenn velferdsideologi".

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 14.09.2012