Hopp til innhold
X
Innhald

Sosialliberalisme

Sosialliberalisme er ei politisk retning som vil gjennomføre sosiale reformer innanfor ramma av det privatkapitalistiske systemet og ein økonomisk liberalisme. Retninga vart utforma i Storbritannia i siste halvdelen av 1800-talet av Thomas H. Green.
 
Teorien seier at individet både er eit sjølvstendig vesen og sosialt avhengig på same tid. Staten bør derfor til ein viss grad regulere samfunnstilhøva, men berre slik at det vert sosialt forsvarleg med individuell utfalding.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 14.09.2012