Hopp til innhold

Sperregrense

Sperregrense er ei grense for kor låg oppslutnad eit politisk parti må ha med eit val for å få sete i parlamentet. I Noreg gjeld sperregrensa berre val til Stortinget, og berre fordelinga av dei 19 utjamningsmandata.

Ei valordning skal sørge for at parlamentet er representativt og styringsdyktig. Desse omsyna står ofte opp mot kvarandre. Eit heilt representativt system vil ofte føre til at det blir mange små parti, og vanskeleg å danne fleirtal. Dersom det på den andre sida er for vanskeleg å få representasjon i parlamentet vil store veljargrupper vere underrepresenterte, og dermed føle eit demokratisk underskot. Tre måtar å regulere dette på er inndeling av valkrinsar, etablering av ei sperregrense for å oppnå mandat og utjamningsmandat.

Sperregrense er ei grense for kor stor oppslutnad eit parti skal ha for å bli representert i parlamentet. Dette er som regel ei grense på prosent oppslutnad i landet eller i den enkelte krinsen. Nokre få land har inga sperregrense. Eitt av dei er Nederland. 

Til Stortingsvalet er det etter § 59 i Grunnlova 19 valkrinsar. For tida tilsvarer dei fylka. Alle desse er fleirmannskrinsar, og representantane blir fordelte etter røystetalet som kvar valliste (parti) får i kvart fylke. Det er inga sperregrense for at eit parti skal oppnå mandat frå kvar krins. Derfor har både Venstre (1993-1997, 2001-2005 og 2009-2013), Kystpartiet (1997-2005), Raud Valallianse (1993-1997), Framtid for Finnmark (1989-1993) og Miljøpartiet Dei Grøne (2013-2017) vore representerte i Stortinget  utan å vere over den nasjonale sperregrensa på fire prosent. Sperregrensa i Noreg gjeld berre fordeling av utjamningsmandat, og blei innført då utjamningsordninga kom inn i vallova og Grunnlova i 1989.

For små parti er det viktig å kome over sperregrensa. I Stortinget 2009–2013 var til dømes seks av ti representantar frå KrF inne på utjamningsmandat. Venstre hamna i denne perioden på 3,9 prosent og kom dermed akkurat under sperregrensa. Partiet fekk dermed to distriktsrepresentantar, men ingen utjamningsmandat.

Kjelder
Bernt Aardals heimeside, www.aardal.info [lesedato 30. august 2017]

Aanund Hylland (1989): «Valgordningen ved stortingsvalg. Noen prinsipielle spørsmål». Tidskrift for samfunnsforskning:225-238.

Henry Valen (1995), Valg og politikk – et samfunn i endring, 2. utg., 2. opplag, NKS-Forlaget, Oslo.

Først publisert: 20.08.2013
Sist oppdatert: 01.09.2017