Hopp til innhold
X
Innhald

Splitt og hersk

Splitt og hersk, frå latin divide et impera, er ei politisk grunnsetning som dels vert tillagd Filip av Makedonia, dels kong Ludvig 11. av Frankrike. I sosiologien vert det sett på som eit illegitimt herredøme.
Splitt og hersk dreier seg om at ein part tileignar seg makt gjennom å setje andre opp mot kvarandre, det vil seie svekkjer motstanden som kunne ha oppstått dersom dei andre samarbeidde.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 14.09.2012