Hopp til innhold
X
Innhald

Spørjetime

Spørjetime, eit møte som blir halde i Stortinget, som regel kvar onsdag frå kl. 13.

Her kan stortingsrepresentantane stille konkrete, korte spørsmål til medlemene av regjeringa.
Spørjetimen er todelt. Først er det ein munnleg spørjetime, der medlemer av regjeringa svarer på korte spørsmål. Statsråden veit ikkje på førehand kva stortingsrepresentantane vil spørje om. I den munnlege spørjetimen skal både spørsmål og svar vere korte. I den ordinære spørjetimen svarer regjeringsmedlemene på spørsmål som dei har fått skriftleg på førehand. Ofte må statsrådane svare på fleire spørsmål i den same spørjetimen.
Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.11.2013
Sist oppdatert: 12.11.2013