Hopp til innhold
X
Innhald

Statsselskap

Statsselskap er forretningsmessige selskap der staten har hovudinteressene og avgjerande innverknad på leiinga.

Døme på reine statsselskap, der staten er eineeigar, er AS Vinmonopolet, Noregs Statsbaner, Statskraftverka og statsbankane. I ei rekkje selskap har staten over halvparten av eigarinteressene og dermed avgjerande innverknad på leiinga, til dømes i Norsk Hydro.
Frå 1990-åra er fleire tidlegare statsselskap med over femti prosent statleg eigarskap gjorde om til børsnoterte selskap, der staten har varierande, men stor eigardel. Eit døme på slik selskap er Telenor.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.01.2014
Sist oppdatert: 21.01.2014