Hopp til innhold
X
Innhald

Stortingsforhandlingar

Stortingsforhandlingar er ein publikasjon som Stortinget gir ut som inneheld offisielle dokument frå regjeringa og Stortinget.

Stortingsforhandlingar er delt inn i sju hovuddelar. Fram til 1.10.2009 inneheldt Stortingsforhandlingar også referat frå Odelstinget og Lagtinget, og var delt opp i ni delar. Dokumentstrukturen i Stortingsforhandlingar har endra seg over tid, og dekker tidsrommet frå det overordentlege Stortinget i 1814 til i dag. 

Stortingsarkivet lagar kvart år sesjonsvise (årlege) register til Stortingsforhandlingar. Etter kvar stortingsperiode blir sesjonsregistra samla i eit hovudregister for alle fire åra. Før hovudregistera tok til å følgje stortingsperiodane frå og med sesjonen 1981/82, dekte hovudregistera lengre tidsrom. 

Sidan 1998 er publikasjonar publisert på Stortinget sin nettstad. Eldre Stortingsforhandlingar er i seinare tid digitaliserte og gjort tilgjengelege både på Stortinget og Nasjonalbiblioteket sine nettstadar. 

Kjelder

«Stortingsforhandlinger», stortinget.no, sist oppdatert 17.8.2016: https://www.stortinget.no/no/S... [lesedato 1.8.2017]

Peikarar

Stortinget: «Registre til stortingsforhandlinger» 

Stortinget: «Stortingsforhandlinger 1814–2005», søkefelt

Nasjonalbiblioteket:  «Statsmaktene», digitale dokumenter frå regjering, storting og domstolane 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 01.08.2017