Hopp til innhold
Valurne. Foto: Tore Fjeld (2011), Kommunal- og moderniseringsdepartementet på flickr.com CC BY-NC 2.0.
Valurne. Foto: Tore Fjeld (2011), Kommunal- og moderniseringsdepartementet på flickr.com CC BY-NC 2.0.
X
Innhald

Stortingsval

Stortingsval vert halde kvart fjerde år innan utgangen av september månad. Røystinga er hemmeleg og går føre seg gjennom personleg frammøte. Ingen kan veljast til stortingsrepresentant utan at vedkomande er minst 18 år gamal, er norsk statsborgar og har røysterett. Tenestemenn ved kontora til statsrådet, altså departementa, eller betjentar og pensjonistar ved hoffet kan ikkje veljast. Det same gjeld tenestemenn i diplomatiet eller konsulatvesenet.
 
Statsrådsmedlemer kan ikkje møte på Stortinget som representantar så lenge dei har sete i regjeringa. Alle som vert valde, har plikt til å ta imot valet med mindre vedkomande vert valt utanfor det valdistriktet der han eller ho høyrer til. Alle fylke med byar utgjer eit valdistrikt.
 
Informasjonsvideo om stortingsvalet:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 20.08.2013