Hopp til innhold
X
Innhald

Syndikalisme

Syndikalisme, frå fransk syndicat, fagforeining, tyder eigentleg "fagforeiningsrørsle": Den revolusjonære retninga vart utvikla i den franske fagrørsla i 1890-åra med Georges Sorel som den fremste teoretikaren.
 
Syndikalismen går inn for direkte aksjonar som streikar og sabotasje for å endre samfunnet. Kampen vert avslutta med generalstreiken som den store styrkeprøva mellom arbeidarklassa og samfunnet elles, der arbeidarane skal ta over produksjonsmidla. Deretter skal sosialismen byggjast og det klasselause samfunnet nåast.
 
Syndikalisme har hatt ein viss påverknad i Frankrike, Italia og i USA gjennom Industrial Workers of the World, IWW.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 21.10.2014