Hopp til innhold
X
Innhald

Terrorist

Terrorist er ein person som bruker vald eller truslar om vald for å spreie frykt i befolkninga, med det føremålet å nå politiske eller ideologiske mål. Anders Behring Breivik er eit norsk døme på ein terrorist som utførte terroråtak mot regjeringskvartalet og Utøva 22. juli 2011. Breivik blei dømd til den strengaste straffa lova gir høve til.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.01.2014
Sist oppdatert: 21.01.2014