Hopp til innhold
X
Innhald

Tokammersystem

Tokammersystem er eit politisk styresett som går ut på at nasjonalforsamlinga i eit land er delt i to avdelingar eller kammer, til dømes Parlamentet i Storbritannia, som er delt i Overhuset og Underhuset, og Kongressen i USA, som er delt i Senatet og Representanthuset. Tradisjonelt har førstekammeret utspring i overklassen, medan andrekammeret meir har opphav i folket.
Noreg hadde fram til 1. oktober 2009 eit modifisert tokammersystem, der Stortinget delte seg i to, Odelsting og Lagting, når lovsaker skulle behandlast. Etter 2009 blir alle lovsaker behandla av Stortinget i plenum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.01.2014
Sist oppdatert: 21.01.2014