Hopp til innhold
X
Innhald

Utjamningsmandat

Utjamningsmandat er mandat (ein stortingsplass) som etter eit val vert fordelte til dei partia som er underrepresenterte i høve til det samla røystetalet ved stortingsval. Kvart fylke har eit utjamningsmandat.

Ei valordning skal sørge for at parlamentet er representativt og styringsdyktig. Desse omsyna står ofte opp mot kvarandre. Eit heilt representativt system vil ofte føre til at det blir mange små parti, og vanskeleg å danne fleirtal. Dersom det på den andre sida er for vanskeleg å få representasjon i parlamentet vil store veljargrupper vere underrepresenterte, og dermed føle eit demokratisk underskot. Tre måtar å regulere dette på er inndeling av valkrinsar, etablering av ei sperregrense for å oppnå mandat og utjamningsmandat.

Den norske valordninga med fordeling av representantar i 19 fleirmannskrinsar gjer at dei største partia blir overrepresenterte. Det tyder at dei har færre veljarar per mandat enn små parti. For å sikre jamnare representasjon, slik at kvar røyst tel meir likt har ein innført ei ordning med utjamningsmandat. Utjamningsmandat er mandat (Utjamningsmandat er mandat (ein stortingsplass) som etter eit val vert fordelte til dei partia som er underrepresenterte i høve til det samla røystetalet ved stortingsval. Frå 2005 har kvar valkrins eit utjamningsmandat.

Det er ein komplisert prosess å finne ut kven som skal få utjamningsmandata. Først reknar ein ut kva parti som har fått for få representantar i Stortinget i høve til røystetalet. I Noreg er det berre parti som får høgare enn fire prosent oppslutnad i valet som kan få utjamningsmandat. Deretter blir desse mandata fordelte på kvart fylke, slik at det først er det partiet som har flest unytta røyster i eit fylke som får mandat. Etterkvart som eit parti har fått dei mandata dei skal ha går utjamningsmandatet til det partiet som har nest flest, tredje flest også vidare røyster, slik at den nasjonale fordelinga blir riktig.

For små parti er det viktig å kome over sperregrensa og få utjamningsmandat. I Stortinget 2009–2013 var til dømes seks av ti representantar frå KrF inne på utjamningsmandat. Venstre hamna i denne perioden på 3,9 prosent og kom dermed akkurat under sperregrensa. Partiet fekk dermed to distriktsrepresentantar, men ingen utjamningsmandat.


Sjå video frå NRK skole: «Mandatfordelingen på Stortinget»: 
 
Sjå video frå Stortinget: «Stortingsvalg»: 
 

Kjelder

Bernt Aardals heimeside, www.aardal.info [lesedato 30. august 2017]

Aanund Hylland (1989): «Valgordningen ved stortingsvalg. Noen prinsipielle spørsmål». Tidskrift for samfunnsforskning:225-238.

Henry Valen (1995), Valg og politikk – et samfunn i endring, 2. utg., 2. opplag, NKS-Forlaget, Oslo.

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 08.09.2017