Hopp til innhold
X
Innhald

Atlanterhavsvegen

Atlanterhavsvegen, vegsamband ute i havgapet mellom kommunane Averøy og Eide på Nordmøre i Møre og Romsdal.

Den 8,2 kilometer lange vegen opna 7. juli 1989 og er delvis bompengefinansiert. Vegen omfattar mellom anna åtte bruer mellom småøyar i eit naturskjønt område. Atlanterhavsvegen har offisiell status som nasjonal turistveg. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018