Hopp til innhold
X
Innhald

Bajkal–Amur-jernbana

Bajkal–Amur-jernbana, 4324 kilometer lang jernbanestrekning i det sørlege Sibir i Russland. Ho strekkjer seg frå eit område 250 kilometer nordvest for Bajkalsjøen til Komsomolsk.

Bana blei bygd i etappar i 1930- og 40-åra. Arbeidet stansa då Stalin døydde i 1953, men blei teke opp att og bygd ferdig mellom 1947 og 1991. Bana utgjer eit kortare samband mellom Europa og Aust-Asia enn den transsibirske jernbana, som bana ligg nord for og parallelt med. Bajkal–Amur-jernbana har både militærstrategisk og økonomisk verdi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018