Hopp til innhold

Bergensbanen

Bergensbanen, jernbane frå Hønefoss til Bergen, gjennom Buskerud, Sogn og Fjordane og Hordaland. 

Bana opna i 1909 og er den fjerntogstrekninga i Noreg som har størst trafikk. Bana er 371 kilometer lang og følgjer Hallingdalen opp til Hardangervidda. Bana er viktig for turisttrafikken. Strekninga frå Bergen via Arna til Voss blir kalla Vossebanen. Her går det lokaltog i tillegg til langdistansetoga mellom Bergen og Oslo.

På Bergensbanen ligg den høgstliggjande stasjonen i Noreg, Finse, 1222 moh.

Kong Haakon under opninga av Bergensbanen på Finse i 27. november 1909. Til venstre for kong Haakon står arbeidsminister Nils Claus Ihlen. Foto: Anders B. Wilse, kjelde: Norsk Jernbanemuseums samling. Med løyve for Allkunne frå Norsk Jernbanemuseum.

Kjelder

Bane NOR: «Banene», banenor.no: http://www.banenor.no/Jernbanen/Banene/ [lesedato 6.7.2017]

Først publisert: 27.11.2018
Sist oppdatert: 27.11.2018