Hopp til innhold
X
Innhald

Bratsbergbanen

Bratsbergbanen, jernbane frå Eidanger til Nordagutu. Namnet blir oftast nytta om jernbanestrekninga Skien–Nordagutu–Notodden.

Bratsbergbanen er 47 kilometer lang. Tinnosbanen, frå Hjuksebø til Notodden, er 9 kilometer lang. Opphavleg gjekk banen heilt til Tinnoset og deretter med jernbaneferje over Tinnsjøen. I dag er det persontrafikk med lokaltog frå Notodden til Skien.

Bratsberg er det tidlegare namnet på Telemark, og bana har namnet fordi ho knyt dei midtre og nedre delane av fylket saman. Ho opna i 1920.

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018