Hopp til innhold
X
Innhald

Den transsibirske jernbana

Den transsibirske jernbana, dobbeltspora jernbane frå Moskva gjennom Sibir til Vladivostok.

Den eldste strekninga som går gjennom kinesisk territorium, i alt 7059 kilometer, opna i 1902. Ei nordlegare linje over Khabarovsk, på 9289 km, blei etablert i 1916. Det går både person- og varetransport på jernbana. Ho blir mellom anna brukt til godstrafikk mellom Japan og Europa. Den transsibirske jernbana blei avlasta av Bajkal–Amur-bana i 1985.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018