Hopp til innhold
X
Innhald

Eurotunnel

Eurotunnel, det første faste sambandet over Den engelske kanalen i historia.

Byggjevedtaket vart kunngjort i januar 1986 av Margaret Thatcher og François Mitterrand. Tunnelen opna 6. mai 1994 og er ein dobbel jernbanetunnel – éin for vanlege tog og éin for skytteltog til transport av bilar og andre køyretøy.

 

Den totale lengda på tunnelen er 50 kilometer – 37 km under sjølve kanalen, 3,7 km under fransk jord og 9 km under jorda på britisk side. Sambandet var budsjettert til om lag 53 milliardar kroner, men sluttrekninga vart på heile 97 milliardar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017