Hopp til innhold
X
Innhald

Fjellbaner

Fjellbaner, jernbaner i bratt fjellterreng, der det ikkje er mogleg å bruke lokomotiv med glatte hjul mot glatte skjener. Det gjeld ved stigningar på over 1 : 17 (60 ‰), der det blir brukt anten tannstong som tannhjul på lokomotivet grip inn i, eller ein kabel som trekkjer vogna opp (til dømes på Fløybanen i Bergen). Pilatusbana i Sveits har ei stigning på 1 : 2 og er den brattaste tannstongbana i verda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018