Hopp til innhold
X
Innhald

Forthbrua

Forthbrua, jernbanebru som blei bygd over Firth of Forth på austkysten av Skottland i 1883–90.

Lengda er 2528 meter, og det største spennet er 521 meter langt. Vegbrua Forth Road Bridge ved sida av er ei hengebru med tre spenn, det lengste på 1008 meter. Brua har sidan 2015 stått på verdsarvlista til UNESCO.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018