Hopp til innhold
X
Innhald

Gardermobanen

Gardermobanen, den eldste høghastigheitsbana i Noreg.

Gardermobanen, frå Oslo S til Eidsvoll, er 64 km lang. Bana blei bygd og opna i samband med hovudflyplassutbygginga på Gardermoen, 48 km frå Oslo S. Det går flytog til hovudflyplassen kvart 20. minutt. I tillegg går nokre raske region- og lokaltog på bana.

Bana skulle i utgangspunktet vere bedriftsøkonomisk lønsam, og ho skulle opne samtidig med den nye hovudflyplassen i oktober 1998. På grunn av lekkasjar i Romeriksporten blei ho ikkje opna før 22. august 1999. Staten sanerte seinare ca. 8 milliardar i gjeld og overførte skjenegangen til Jernbaneverket for at Gardermobanen skulle få ein sunn økonomi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018