Hopp til innhold
X
Innhald

Gjøvikbanen

Gjøvikbanen, jernbane frå Oslo S til Gjøvik. Ho går gjennom fylka Oslo, Akershus og Oppland.

Gjøvikbanen opna i 1902 og kom i elektrisk drift i 1963. Bana er 123,5 kilometer lang og går gjennom Nordmarka, over Hadeland og Toten, til Gjøvik. Ved Roa stasjon på Hadeland er det samband til Hønefoss og Bergensbanen. Derfor blir Gjøvikbanen sør for Roa mykje nytta til godstrafikk, medan bana nord for Roa nesten berre har persontransport.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018