Hopp til innhold
X
Innhald

Gråkallbanen

Gråkallbanen, elektrisk forstadsbane i Trondheim. Bana opna i 1924 til Munkvoll og i 1933 til Lian (233 moh.). Lengda er 8,8 kilometer. Gråkallbanen blei oppretta privat og teken over av Trondheim Trafikkselskap i 1972. Bana blei lagd ned i 1988, men opna att i 1990 og blir i dag driven av det internasjonale transportselskapet Boreal Transport. Gråkallbanen er den nordlegaste trikkelinja i verda som er i permanent drift.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018